08_naerbilete_var - Huglen.jpg

Rakel Elice Huglen: Haust, vinter, vår, sumar... og haust

«In the middle of winter, I at last discovered that there was in me an invincible summer. » (Albert Camus, 1955, s.181)

Sidan eg byrja på master, hausten 2010, har eg hatt arbeidsplass med vindauge mot C. Sundsgate. Utsikten mot andre sida av gata er stort sett den same: Ei grågrøn blokk med kontor og leilegheiter. Ingen radikale endringar når det kjem til gardiner og blomepotter i vindauga - med unntak av at det i desember dukka fram adventstjerner her og der.

Men det er likevel ikkje heilt sant at blokka ser lik ut heile tida. På veggen er det nemleg fire rammer som måler tre gongar to meter. Innhaldet i dei vert med jamne mellomrom byta om, men eg har aldri sett når det skjer.  Eit par veker i fjor var det bilete av ein smilande familie med badetøy: ei vakker dame, ein kjekk mann og to søte born føre eit utandørs basseng omringa av grøne palmer. På bilete stod det noko i retning «bestill draumeferien for heile familien no!».

Sommer_naerbilete- Huglen.jpg

I vinter kunne ein sjå ein annan smilande familie føre ein raud Falken bil med det som truleg er familiens eigen bil oppå. Teksten sa at no var det tjue fem prosent å spare på innmelding i Falken. Og slik held det fram. Om våren ser ein til dømes vakre bein med dyre støvlar på veg mellom kvitveis og små bekkar. Solbrun hud og blå himmel representerer gjerne sumaren. 

Haust_detalj- Huglen.jpg

Om hausten får reklamen eit brunleg, raudt og oransje preg. Om vinteren kjem det snø og varme genserar.  Vår, sumar, haust og vinter. Paradoksalt sett følgjer reklameindustrien same syklus som naturen og livet elles, og aller helst er dei føre. Desse bileta på glatte og ofte svært kraftig papir fullt av lim og farge er så fjernt frå naturen som ein kan tenkje seg. Likevel, det er ikkje berre på Fløyen eller i Nordnesparken at lauvet gulnar og fell av om hausten, men også på reklamen inni fire stålrammer på utsida av ei blokk i C. Sundsgate.

Eg har forventningar til kvar årstid som skal kome. Eg har også ting eg kvir meg til. Men når ei årstid nærmar seg slutten kan eg tenkje med vemod tilbake på det som var og som ikkje kjem tilbake. Er måten ein opplev årstidene på avgjerande for kven ein er og korleis ein ser føre seg  livssyklusen ?

Dekonstruksjon og rekonstruksjon er viktige handlingar i prosessen min. Ulike element og fragment som tidligare ikkje har hatt noko med kvarandre og gjere, vert rekonstruerte inn i ein ny samanheng. Totalt lausrivne frå sin opphavlege funksjon vil eg likevel ikkje hevde at dei er. Fragment frå til dømes tekst, hud, hår og klede kan blant anna minne om den kommersielle mediaverda dei er henta frå.

 

Publisert: 12.04.2012 av Peter Klasson Oppdatert: 19.03.2015 av admin