IMG_0797.jpg

Ikkje historieforteljing, men historieforandring

Korleis bruka visualisering som eit verktøy for å synliggjera moglegheiter og skapa lokal handlekraft? Utgangspunktet for prosjektet er ulike lokalsamfunn knytt til spesifikke stader. Korleis kan design bidra til samfunns- og stadsutvikling?

Samarbeidsprosjekt mellom førstemanuensis Linda Lien, visuell kommunikasjon, og førsteamanuensis Bente Irminger,  møbel- og romdesign/interiørarkitektur, begge KHiB.

Korleis kan me identifisera og mobilisera lokale ressursar? Korleis få mykje ut av lite? Korleis utvikla prosjekt som vert eigde lokalt og som vert drifta vidare av ikke-designerar? Korleis sikra realisering og kontinuitet? Kva kan designerar bidra med i ein rusbelasta offentleg park i Bergen? Korleis kan erfaringar med prosessfasilitering og prosjektrealisering overførast til eit lite vestlandsk industrisamfunn, eller ein bydel med brokete fortid? I eit verdenssamfunn i sterk endring og der velfersstaten er under press, blir mobilisering av lokale ressursar og alternative løysinger på felles utfordringar, stadig viktigare. Gjennom prosjektet set me søkelyset på visualisering som et kraftig verkemiddel for å synliggjera moglegheiter og trigga til handling. Gjennom prosjektet undersøkjer me også designarens mange roller og arbeidsmetodar, og kartlegg etablerte metode- og prosessverktøy, for å kunna bidra til drøfting rundt alternative designprosessar og -metodar.

IMG_0304.jpg

IMG_0337.jpgIMG_0372.jpgFrå workshop med utgangspunkt i den rusbelasta Nygårdsparken i Bergen. Korleis skapa små endringar, som på sikt kan utgjera ein skilnad?

Publisert: 28.06.2013 av Linda Lien Oppdatert: 19.03.2015 av admin