Linda-Lien.jpg

Linda Lien

Førsteamanuensis i grafisk design/ leiar utviklingsarbeid visuell kommunikasjon
Telefon:55 58 74 41 - 980 333 12
Epost:linda.lien[at]khib.no
Kontor:Kong Oscarsgate 62, 3. etasje, rom 302

Linda H. Lien er førsteamanuensis i grafisk design, og starta i 2014 som leiar for kunstnerisk utviklingsarbeid for fagområde visuell kommunikasjon. Ho har arbeidd ved KHiB i 100 prosent stilling sidan 2011, og har tidlegare vore koordinator for bachelorprogrammet i visuell kommunikasjon.

Hovudinteressa er knytt til korleis visualisering kan vera eit verktøy som inkluderer og skapar dialog, og som stimulerer til handling, samt til metodebruk og metodeutvikling innan designfaget.  Innan design er det i dag stor vekt på menneskesentrerte designprosessar. Stort engasjement for brukarane og høg grad av innleving og empati fører i teorien fram til betre og meir innovative designløysingar, men kan samstundes skapa stengsler for den kreative prosessen. I forskinga si er Lien opptatt av korleis ein kan ivareta fokuset på brukarane, samstundes som ein legg til rette for ein god og skapande prosess for dei involverte designarane. Lien har også arbeidd med visuell identitet, og korleis design kan bidra til stadsutvikling.                                                      

Linda H. Lien er utdanna ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen, med hovudfag i visuell kommunikasjon, der temaet var identitetsdesign for omstillingskommunar: norske distriktskommunar som får midlar frå staten for å snu ei negativ utvikling knytt til fråflytting og tap av arbeidsplassar. Som stipendiat i Stipendprogram for kunstnerisk utviklingsarbeiard abeidde ho med eit treårig prosjekt knytt til å utvikla alternative måtar å formidla kommunal eller regional identitet på. Lien har vore medeigar og tilsett i Grom design.

Artiklar/publikasjonar/papers/fagfellevurderingar:

2014             Booth, Ashley og Linda Lien: «Empathy and creativity, Pictogram-me», paper, Cumulus,                                 Johannesburg:

2012             Lien, Linda: «Identitet på anbod». I Bringslid, Mary-Bent (red.):  Bygdeutviklingas paradoks.                           Scandinavian Academic Press / Spartacus Forlag AS, Bergen.

2011             Lien, Linda (2011): «Med innbyggjarane som omdømmebyggjarar. Lokal identitet i ei global tid.                       Drøftingsnotat på oppdrag frå Kompetansesenter  for Distiktsutvikling, publisert på                                         www.distriktssenteret.no.

2011             Lien, Linda (2011): Identitetsdesign for geografisk avgrensa område, den kollektive                                       stadsidentieten i den personelege merkevarebygginga si tid. Kritisk refleksjon, KHiB, Bergen.

Utvalde foredrag og deltaking i debattar

2016            RØST, brukerkonferanse, Bergensklinikkene. Pictogram-me, verktøy for visuell dialog

2014            Cumulus, Johannesburg. Booth, Ashley og Linda Lien: «Empathy and creativity, Pictogram-me».

2014            Visibility, the internationa illustration venue, Bergen: Pictogram-me

2014            Deltagelse i paneldebatt på Litteraturhuset i Bergen i regi av Bergens Tidende og                                            Fortidsminneforeningen i Hordaland om demokratiske stedsutviklingsprosesser.

2012             Stadsutviklingskonferanse, Kalmar, Sverige: «Kulturens roll i stads- utvecklingen», presentasjon /                     debatt på oppdrag frå Kalmar kommun, Kalmar konstmuseum, Sveriges kommuner og landsting                       og Regionörbundet Kalmar län.

Utstillingar:

2016             Pictogram-me, verktøy for visuell dialog. RØST, brukerkonferanse, Bergensklinikkene, Radisson                         Blue, Bergen.

2014             Pictogram-me. ROM8, Bergen, i samarbeid med professor  Ashley Booth     

2014             NOT storytelling, BUT storychanging. ROM8, Bergen, i samarbeid med førsteamanuensis Bente                         Irminger og Bergen kommune ved områdesatsing Laksevåg

2013            Along the way - sidewalks. ROM8, Bergen.

2010            Identitetsdesign for geografisk avgrensa område. Offentleg visning av stipendprosjektet, ROM8,                        Bergen.

Verv og deltaking i interesseorganisasjonar (oppdrag):

2016            Co-chair og fagfellevurderar, Cumulus Hong Kong

2015-2016    Forelesar i DesignThinking-utdanning i regi av DesignArena, Handelshøgskolen i Bergen,                                  Høgskolen i Bergen og Kunst- og designhøgskolen i Begen

2015            Leiar for vurderingskomité for stipendiat Annelise Bothner-By, Kunsthøgskolen i Oslo / Program for                    kunstnerisk utviklingsarbeid

2014            Sakkynding i samband med vurderingar av stipendiatsøknader, Program for kunstnerisk                                  utviklingsarbeid

2014            Sensor for master i emne kunstnerisk utviklingsarbeid, Universitet i Agder

2013            Sakkynding i samband med evaluering av høgare kunst- og designutdanningar i Sverige,                                Universitetskanslersämbetet

2012-2015    Seminar/workshop, Oslo. Critical Reflection and Methods for  Documentation / Artistic Research,                      Programmet for kunstnerisk utviklingsarbeid

2012            Birettleiar for stipendiat Brigitte Appelong, prosjekt: Lights in Rooms Kunsthøgskolen i Oslo,                            Fakultet for Design

2008-2011    Styremedlem, Liv & Lyst, program for lokal samfunnsutvikling, Hordaland fylkeskommune,                              Fylkesmannen i Hordaland, Innovasjon Norge og Sparebanken Vest

2007-2008    Varamedlem sentralstyret i Grafill

2004-2006    Styreleiar/styremedlem i Grom design AS

2004-2005    Styremedlem i Grafill Bergen

KU-fokus:

Pictogram-me er et forskningsprosjekt ved 
Kunst- og designhøgskolen i Bergen, Avdeling for design, støtta av det nasjonale programmet for kunstnerisk utviklingsarbeid. Ved hjelp av piktogram er målet å bidra til auka refleksjon over livets kompleksitet, og å synleggjera erfaringane til dei som har eit utfordrande tilvære. Prosjektet har mellom anna resultert i et verktøy som gjev rusmisbrukarar og andre ei ekstra stemme å uttrykkja seg med. Pictogram-me er inspirert av Isotype, et symbolsystem utvikla av Otto Neurath på 1920-tallet, for å forklara og illustrera sosiale og økonomiske forhold til allmennheita. Isotype sies å være opphavet til moderne piktogrammer, og Neuraths visjon var: «Ord splitter, bilder forener». Pictogram-me er eit samarbeidsprosjekt med professor Ashley Booth. 

Gjennom prosjektet «Not design, but design» har førsteamanuensis Bente Irminger og førsteamanuensis Linda Lien ved Kunst- og desinghøgskolen i Bergen utforska designarens arbeidsprosess, og utvikla verktøy som kan brukast for å kartleggja og bidra til å betra designarens arbeidsmåte. Historisk har design handla mykje om produkt og produktutvikling. Etter kvart har designfaget blitt meir nyansert med flere overlappande disiplinar. Tverrfagleg samarbeid og brukarinvolvering er stadig blitt viktigare, og eit hovudmål har vore å utvikla metodar og prosessar som legg til rette for god gruppedynamikk og høg grad av eksperimentering i utviklingsprosessar.

Publisert: 08.09.2011 av Peter Klasson Oppdatert: 28.12.2016 av Rebeca Torres