- Kunstnerisk utviklingsarbeid
- Publikasjonar
- Jorunn Veiteberg: Ting ta...

Jorunn Veiteberg: Ting Tang Trash
I stigande grad har både kunsthandverkarar, bildekunstnarar og designarar tatt i bruk allereie eksisterande ting og tang og trash som kunstnarleg råstoff.
Pris: NOK 250,- (EUR 34) + porto og eksp. gebyr
Bestill boken på e-post resepsjonen@khib.no eller 55
58 73 00.
"Av alle gjenstander liker jeg best de velbrukte," skriv
Berthold Brecht i eit dikt. Han er ikkje åleine om det. Så
omfattande er denne praksisen at Kunsthøgskolen i Bergen i
samarbeid med Kunstmuseene i Bergen har hatt ei forskingsgruppe i
arbeid for å granska fenomenet nærare. I 2008 fekk vi støtte frå
Norges forskingsråd til eit treårig prosjekt med tittelen
Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades,
kunst og keramikk, i daglegtale forkorta til K-verdi. Med i gruppa
er filosof Søren Kjørup, førstekonservator Anne Britt Ylvisåker,
kunsthistorikar Jorunn Veiteberg, samt kunststipendiatane Kjell
Rylander og Caroline Slotte.
Vi valde å avgrensa oss til keramikk, og det av fleire grunnar.
Keramikken har ei rik historie og den er internasjonal. Som
bildemedium og bruksting har den nådd både høg og låg. Og som
kommersiell handelsvare og verdifull kunstgjenstand har den tent
som ein viktig kanal mellom Aust og Vest. I hundrevis av år beundra
europearane kinesarane for deira porselen, før dei sjølve knekte
koden tidleg på 1700-talet. Deretter blei det bygd porselens- og
keramikkfabrikkar overalt i Europa, men masseproduksjon og dårleg
kvalitet utløyste også ein motreaksjon: verkstadkeramikken
(kunsthandverket) og den kunstindustrielle rørsla. I dag gir det
ikkje lenger meining å tenkja i ei slik motsetning, for den eine
polen, industrien, er stort sett avvikla i Vesten. Det er ikkje
lenger produksjon som er grunnlaget for samfunnsøkonomien, men
service og informasjon. Det kan knapt illustrerast tydelegare enn i
bystyrevedtaket i Porsgrunn frå 10. februar 2011 i samband med ny
reguleringsplan for fabrikkområdet til Porsgrund Porselænsfabrik:
"Hensikten med planen er å omregulere fabrikkområdet fra industri
til "senterområde" (forretning/kontorformål) m.m."
Denne postindustrielle situasjonen har skapt ein heilt ny røyndom
for alle som arbeider med keramikk. Nokre har på ny sett kursen mot
Kina og samarbeider med handverksverksemder og fagmiljø der. Det
har også vakse fram alternative måtar å produsera på i form av ei
"gjer-det-sjølv"-holdning. Materialet er då gjerne
lett-tilgjengeleg saker og ting som ein er omgitt av, og som kan
resirkulerast. Atter andre arbeider som før i ein verkstadbasert
praksis, men har tatt i bruk teknikkar og arbeidsmåtar som
tidlegare var tabu fordi dei blei forbunde med industriell
produksjon.
Desse endringane og den komplekse røyndomen dei spring ut av, er
ein del av bakteppet for Ting Tang Trash. Kunstnarane som blir
presenterte i boka og utstillinga viser noko av spennvidda som rår
på feltet. Ikkje alle vil stemma i Brecht si hylling av det brukte
og slitte, nokre arbeider berre med avstøypingar eller nye og
blanke ting. Men gjennom bruken av ting som råstoff, og gjennom å
flytta dei frå ein kvardagsleg kontekst til ein kunstnarleg, har
dei alle medverka til å heva desse tinga sin verdi og status. Det
er denne prosessen vi har kalla oppvinning.
Endra arbeidsmåtar og utradisjonelle material - særleg av
ikkje-varig slag - utfordrar institusjonane som samlar og bevarar.
K-verdi har sett nærare på korleis museet stiller seg til desse nye
praksisformene, men vi har også sett at museet og samlingar er
blitt ein stadig meir interessant arena for mange kunstnarar å gå i
direkte dialog med. Ting Tang Trash kan difor presentera fleire
installasjonar som er laga spesielt til denne mønstringa og til
Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum som stad.
Den postindustrielle tendensen som her kort er skissert, har peika
seg ut som særleg aktuell på 2000-talet, og innanfor
kunsthandverket er det ein av dei få tendensane som kan
karakteriserast som noko heilt nytt. Men den er ikkje ny på ein
måte som representerer eit brot med fortida. I den postindustrielle
keramikken, er fortida nærverande overalt, i material- og motivval
så vel som i arbeidsmåtar og problemstillingar. I boka og
utstillinga Ting Tang Trash har desse banda til det som var, vore
viktige å få fram. Dei gjer endringane tydelegare for oss, og får
utfordringane til å stå klarare fram. Men like viktig er banda til
den notidige materielle kulturen. Verda er full av ting, så kvifor
ikkje gi dei ei nytt liv som kunst?