Årbok - flere omslag

Kunsthøgskulen på rett spor

Mykje har skjedd på kunsthøgskulen sidan Nina Malterud og Per Aarvik tok over som rektorat og la om til bachelor- og mastergradar. Men framleis er KHiB ein spreidd institusjon som draumer om å samlast under eitt tak. No har den nest minste statlege høgskulen i Noreg ambisjonar om å bli vitskapeleg høgskule.


Nina Malterud / Per Aarvik
Intervjua av Astri Kamsvåg

Nina Malterud: professor. Rektor 2002-2010
Per Aarvik: høgskolelektor. Prorektor 2003-2010

Mykje har skjedd på kunsthøgskulen sidan Nina Malterud og Per Aarvik tok over som rektorat og la om til bachelor- og mastergradar. Men framleis er KHiB ein spreidd institusjon som draumer om å samlast under eitt tak. No har den nest minste statlege høgskulen i Noreg ambisjonar om å bli vitskapeleg høgskule.

Merittlista på innsida av omslaget er lang. Nina, tar du verkeleg æra for alt dette?
- Nei, på ingen måte. Det kunsthøgskulen har fått til er forankra i eit iherdig arbeid av alle tilsette på kunsthøgskulen, i eit målretta arbeid i styret og leiinga - og ikkje minst gjennom arbeidet til student ane våre. Ein skal leita ei stund etter ein arbeidsplass med så mange målbevisste og engasjerte kolleger.

Korleis var kunsthøgskulen då du tok til som rektor?
- I 2002 var kunsthøgskulen framleis ein ganske ny institusjon, og kulturforskjellane mellom det tidlegare Vestlandske Kunstakademi og Statens høgskule for kunsthandverk og design var enno til stades. Dette var ikkje berre positivt. I samband med arbeidet med kvalitetsreforma fekk vi for alvor på plass ein god dialog mellom avdelingane, noko som mellom anna resulterte i éin felles mastergrad for kunstfaga.

- I tett samarbeid med studentane og dei tilsette heldt vi fram med dette arbeidet. Saman har vi lagt vekt på å skape eit fagmiljø på tvers. Vi har samla staben jamleg for å utvikle ein reell fagleg dialog. Vi ser no at dette har vore konstruktivt - vi oppfattar oss som éin kunsthøgskule, som eitt miljø.

Det er meir enn undervisningsforma som er endra?
- Ganske tidleg i tida mi som rektor la vi eit stort arbeid i å utforme ein ny strategisk plan. Dette arbeidet vart i stor grad gjort saman med styret. For styret var det eit vendepunkt å bli trekt så langt inn i ein slik prosess; styret var ikkje van med å bli brukt på ein slik måte, og vi gjorde eit nybrottsarbeid. Vi formulerte planen med enkle og korte utsegner som peiker på kva som skal vere rettesnora for alt vi gjer. Sidan har vi spegla formuleringane i strategiplanen i arbeidet med forsking, undervisning og utoverretta verksemd. Vi har brukt strategiplanen for å ta avgjerder i viktige saker som budsjett og disponering av personar, rom og tidsressursar.

- I strategiplanen tok vi mål av oss til å vere mykje meir synlege og deltakande i samfunnet rundt oss, både lokalt og internasjonalt. No er vi komne dit at KHiB er ein opplagt samtalepart når Bergen kommune inviterer til høgttenking om kunst og kultur, næring og design, byutvikling og arkitektur. Slik var det ikkje tidlegare. Mange av dei tilsette er stadig involvert i eksterne prosessar, og vi har det felles målet at kunsthøgskulen skal vere ein aktiv deltakar i samfunnet rundt oss.

From the main hall at the MA Degree Show in Fine Art 2010 at Bergen Kunsthall. Photo: Peter Klasson

Kva skal vi med ein kunstnarleg doktorgrad?
- At kunstfaga skulle gjere krav på fordjuping på PhD-nivå, var ein framand tanke til langt ut på nitti-talet. Sterkare forståing for at forsking skjer på ulikt vis innan ulike fag har gjort det mogleg å sette opp nye rom for det kunstnarlege utviklingsarbeidet. Det nasjonale stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid samlar stipendiatar frå visuell kunst, musikk, film, scenekunst og design. Dei arbeider ved kvar sine institusjonar, men møtes fleire gonger i året til gjensidig kritikk og drøfting av prosjekta. Denne norske modellen for kunstnarleg og designfagleg forsking på doktorgradsnivå har vakt oppsikt inter nasjonalt sidan etableringa i 2003, fordi det kunstnarlege arbeidet blir vektlagt så sterkt på eigne premissar. Stipendiater som etter tre år får godkjend sluttvurdering av prosjektet sitt, får enno ikkje doktor tittelen. Men med tilpassing av programmet til det nye kvalifikasjonsrammeverket, der det allereie er godt rom for kunstnarlege målsetjingar, trur vi det berre er eit spørsmål om tid.

- Kunsthøgskulen tar mål av seg å bli vitskapeleg høgskule. Dei vitskapelege høgskulane i Noreg har sjølv foreslått den engelske benevninga «specialised universities» - og det er klart at kunsthøgskulen høyrer naturleg heime blant høgskulane med eit nasjonalt spesialisert fagleg ansvar, på lik line med for eksempel musikkhøgskulen og arkitektur- og design høgskulen. Men for å få det til må vi gjennom ein akkrediteringsprosess. I dag er dei to kunsthøgskulane i Noreg definert som høgskular, men i praksis fell vi mellom alle stolar. Ved å bli vitskapeleg høgskule får vi større sjølvråderett når det gjeld fullmakter for utdanning, forsking og forskarutdanning.

- På statsbudsjettet for 2010 kom endeleg ein heilt ny post inn, nemleg ei nasjonal finansieringskjelde for kunstnarleg og designfagleg utviklingsarbeid som eit tillegg til Norges Forskingsråd. Målretta, systematisk arbeid over lang tid saman med Kunsthøgskolen i Oslo og Norges musikkhøgskole har gitt resultat. Vi trur at volumet på finansieringskjelda vil auka til neste år. Vi er svært nøgde med at vi har fått midlar som alle institusjonane kan konkurrere om.

Hilde Hauan Johnsen: «01001-101», sound and fibre- optic installation in collaboration with Maia Urstad. The work was shown at Lydgalleriet in Bergen June 2009. Hauan Johnsen is Professor at Subject Area Textiles, Dept of Spesialised Art. Photo: Thor Brødreskift.

Kva med den internasjonale dimensjonen i dette arbeidet?
- Det norske miljøet er for lite til å halde på aleine. KHiB har markert seg på den internasjonale arenaen gjennom å vere ein pådrivar for kunstnarleg og design - fagleg utviklingsarbeid og delta aktivt der dette er på dagsorden. Kunsthøgskulen har sjølv initiert det internasjonale prosjektet «Sensuous Knowledge», som starta med ein årleg konferanse i 2004 og som no òg inkluderer ein skriftserie og ein nettstad.¹

- KHiB oppmuntrar internt til internasjonale partnarskap og referansar både i kunstnarleg utviklings arbeid og i undervisninga. FoU-komiteen som fordelar prosjekt- og publikasjonsmidler har for tida fem framståande eksterne medlem, fire av desse er frå utlandet. Gjennom dette sikrar vi at prosjekta våre vert sett i ein større samanhang og ikkje opererer for snevert.

Nina, er du skuffa over at kunsthøgskulen ikkje er flytta inn i nytt bygg?
- Skuffa er berre forbokstaven. Dette har vore ein oppskakande prosess. Bergens Tidende kalla saka for ei byggeskandale, og eg må seie meg einig. Verken departement eller Statsbygg sikra framdrifta for resultatet av den ambisiøse konkurransen som Snøhetta vann i 2005. Ressursmessig har dette vore heilt uforsvarleg, og det er kunsthøgskulen som har tapt så langt.

- Statsbygg karakteriserer oss som ein særs engasjert brukar, og det vil vi halde fram med å vere så lenge saka er i gang. Nett no er ein ny prosess på gang der vi bearbeider prosjektet og budsjettet.

Jorunn Rage: «Rondo» (2010). A small, lightweight rocking chair was made from black stained ash with upholstered seating. Rage is a student at the BA study in Furniture and Spatial Design/Interior Architecture, and the chair was part of KHiB's exhibition at the Stockholm Furniture Fair 2010. Photo: Bjarte Bjørkum

Eit av favorittorda dine dei siste åra, Nina, er tverrfagleg. Kvifor er du så opptatt av dette?
- Kunsthøgskulen har arbeidd målretta for å styrke det faglege gjennom tverrfagleg samarbeid. Heile vegen har vi lagt til rette for at høgt kompetente fagpersonar ikkje berre kommuniserer med sine eigne, men at kommunikasjonen går føre seg på tvers av dei ulike fagområda. Når ein fagperson vert utsett for blikket til ein frå eit anna fagfelt, må ho eller han forklare seg. Dette er ei bevisstgjerande oppgåve som fremjar kvalitet. I møtet med andre fag vert det særskilt faglege styrka. Felles møtepunkt for dei ulike fagområda har utvikla samansette kompetansar både for dei fagleg tilsette og for studentane. Det tverrfaglege arbeidet ved KHiB er blitt eit kjenneteikn. Samstundes vil vi fokusere meir på å utvikle spisskompetansar framover. Det er inga motsetning i dette.

Rektor har hatt blikket retta mot byggesak og departement, kunstnarleg utviklingsarbeid og mot det internasjonale kunstfeltet. Kor har prorektor Per hatt fokuset sitt?
- Eg har mellom anna hatt fokus både innover i institusjonen mot formidling av undervisning og kvalitetssikring og som pådrivar for ei digital utvikling for alle sider av verksemda til kunsthøgskulen, seier Per.

- Samstundes har eg vore opptatt av å knytte nettverk mot høgare utdanning i design, der eg har delteke i ei rekkje fora, for eksempel i Cumulus og Cirrus. Dette har gitt meg eit innblikk i korleis designutdanning er forma hos konkurrentane våre i Europa, og har gitt meg referansar for vårt eiga arbeid.
- Då eg kom inn som prorektor, var det relativt tette skott mellom dei forskjellige fagområda på kunsthøgskulen. Kvalitetsreforma og dei nye studie planane opna for at studentane skulle kunne gjere seg nytte av den samla kompetansen ved skulen, og vi oppmuntra til kurs og prosjekt på tvers av fagområda. For å få dette til måtte vi endre formidlingskulturen vår. Før kunne ein henge opp ein lapp på ei tavle, og rekne med at studentane som skulle ha informasjonen, fekk han. Men når vi er spreidd over heile Bergen, må vi ta i bruk nettbaserte verktøy for å formidle informasjonen som studentane treng.

Kvart nytt studentkull har større krav til kvaliteten på den nettbaserte informasjonen. Det er tankevekkjande at KHiB knapt hadde ei nettside i 2002, seier prorektoren.

Gøril Wallin: «Leave both doors open during summer», four part video installation, the MA Degree Show in Fine Art 2010 at Bergen Kunsthall. By staging the security instructions normally performed by air stewardesses, Wallin adds new meaning to the ritual. The actual act of demonstrating the security instructions is based on a certain context to be meaningful; what happens when the artist changes this? The alteration causes ambiguity in the spectator; is there danger present in the new context?

Per, du har òg vore med og utvikla det nye studiet i praktisk pedagogikk.² Kvifor treng KHiB dette studiet?
- I mange år har dette stått i planane til kunsthøgskulen. Finansieringa kom endeleg i 2009, og på uhyre kort tid fekk vi på plass eit heilt nytt studium. Vi samarbeider med Universitetet i Bergen om den generelle pedagogiske delen, men vi set vårt særeiga preg på dette studiet gjennom fagdidaktikken.

- KHiB er den første kunsthøgskulen i Noreg som tilbyr dette studiet for visuelle kunstfag og design. Eg trur vi etter kvart vil sjå ei statusendring for å drive undervisning og formidling. Når profesjonelle kunstnarar og designarar tek hand om under visninga i formgjevingsfag for barn og unge, vil dette vere verdifullt ikkje berre for elevane i grunnskulen, men også for rekrutteringa til utdanningar som våre. Det vil òg påverke den allmenne innsikta i kunst og design blant den oppvoksande generasjonen.

Kunsthøgskulen har hatt tre avdelingar sidan 1998. Står desse no for fall?
- Då kunsthøgskulen i fjor dykka ned i arbeidet med å leggja om studieplanane for å samsvare med det nye kvalifikasjonsrammeverket, kom det frå mange hald rundt på avdelingane ønske om å gjera noko med heile organiseringa av institusjonen. Strukturen med dei tre faglege avdelingane skal no under lupa med det for auge å skjerpe seg for utfordringar på kunst- og designfeltet i framtida.

- Vi har starta friskt ut og invitert stab og studentar med i ein open prosess, som vi er veldig spente på resultata av. Så lenge tenkeprosessane er uforpliktande, er det lett å vere kreativ. Når vi skal sluttføre diskusjonen om korleis fagstrukturen skal sjå ut for framtida, kan det nok kome fram utfordringar som vil krevje kløkt å hale i land. Det er ganske radikale tankar som har kome fram i dei første møta, og engasjementet er så stort, at vi har god tro på at organisasjonen kjem sterkare ut uansett kva konkret resultat prosessen vil føre med seg, seier Nina.

Jeremy Welsh: «Walls That Weep 1» (2009). Part of a series of digital prints made while as guest artist at Artspace in Sydney. The works were shown at the exhibition «Silent Spaces» at the Macquarie University Gallery, Sydney, in March and April 2010. Jeremy Welsh is Professor in Fine Art and Coordinator for the joint MA programme in Fine Art.

Kva slags rektorat har de lagt vekt på å vere i desse åtte åra?
- Ei prosessorientert arbeidsform i forhold til dei utfordringane vi har møtt på undervegs, har utvikla seg meir og meir. Vi har lagt vekt på å forholde oss tydeleg til dei måla kunsthøgskulen har, både overfor studentane, dei tilsette og for omverda, og halde stø kurs i forhold til strategiplanen. Samstundes kjem det heile tida inn nye utfordringar som vi må ta raskt. Arbeidet i styret har sjølvsagt vore sentralt. Vi har samarbeidd tett med dekanane og med den administrative leiinga ved kunsthøgskulen. Dette har vore nyttig og har hjelpt oss med å dra i same retning. Ei anna sentral oppgåve for rektoratet er å representere kunsthøgskulen på ein god måte i ulike eksterne fora.

Kva slags rektorat meiner de kunsthøgskulen treng i åra framover?
- Leiinga ved KHiB må dei neste åra bruke energi på å sikre balansen mellom det organisatoriske og det faglege. Krava til rapportering og kontrollføring aukar jamt og trutt, og då vert det mindre tid igjen til det reint faglege dersom ein ikkje tar grep. Det nye rektoratet må organisere seg smart slik at hovudfokuset vert på kjerneverksemda vår, nemleg undervisning, kunstnarleg utviklingsarbeid og formidling, òg i framtida.

- KHiB treng eit rektorat som tek utgangspunkt i dei gode kvalitetane institusjonen har, og som er i stand til å utvikle dei vidare og til å skape nye. Eit nytt rektorat vil ha sin eigen måte å arbeide på, og vi håper at dei får alburom til å gjere verva til sine. KHiB treng ei sterk fagleg leiing som er til stades, som er levande engasjert i det fagstaben og studentane til ei kvar tid er opptekne av, og som vil arbeide utover, nasjonalt og internasjonalt. Den nye rektoren og prorektoren vil garantert ha med seg ny energi som vil gjere kunsthøgskulen godt.

Noter
1 Søren Kjørup har skreve ein artikkel om Sensuous Knowledge på s. 30.
2 Les meir om PPU på s.76 og 82.

 

Årbok 2010: Innhold

Publisert: 01.01.2011 av admin Oppdatert: 09.07.2015 av Gard Andreas Frantzsen