prosessutstilling fredrik rysjedal.jpg

Eg prøver å hugse deg: prosessutstilling av Fredrik Rysjedal

I seks dagar vil du kunne få innblikk i Fredrik Rysjedal sitt stipendiatprosjekt om skjermbaserte teikneserier på Rom8. "Teikneserier fyller tomrommet mellom biletet og filmen", sa Will Eisner, men kva skjer om ein blandar film og teikneserie?

Ut frå ein "mixed media"-tenkemåte tar Fredrik Rysjedal filmspråket og ser korleis komponenta kan få ein plass i sekvensiell billedfortelling. Procesststillinga viser biter frå teikneserieprosjekta "I don't Know Grandpa" og "Sound of the Aurora". Du får eit innblikk i den teoretiske tankegangen og framgangsmåten og muligheten til å sjå prosessvideoer som viser utviklinga av prosjektet.

Teikneseriane Fredrik skaper er sjølvbiografisk og biografisk fiksjon, derav namnet på utstillinga. I teikneserien "I don't Know Grandpa" prøver Fredrik å hugse ein slektning han ikkje har eit forhold til.

Procesststillinga viser ingen ferdige resultat, men kjem til å gi deg muligheten til å eit ungt og lite utforska illustrasjonsfelt, nemleg digitale teikneserier.

Åpningstider:
Tirsdag 25. - onsdag 26. mars: 14-18
Torsdag 27. mars: 12- 21
Fredag 28. - søndag 30. mars: 10-16

Arrangement:
Torsdag 27. mars kl 18: Presentasjon av prosjektet og samtale med filmprofessor Septimiu Moraru.

Bilder fra utstillingen "Eg prøver å hugse deg"

Publisert: 21.03.2014 av Cecilia Gelin Oppdatert: 19.03.2015 av admin