Rektorkandidatene---valgmøte-i-Terinus-Hall.jpg

Kven blir rektor på KHiB?

Fredag 11. april kl. 12 blir namnet på KHiB sin nye rektor offentleggjort. Dei to rektorkandidatane er Gerd Tinglum og Maria Hirvi-Ijäs.

 

 

31. mars presenterte dei to rektorkandidatane Gerd Tinglum og Maria Hirvi-Ijäs valprogramma for ein fullsatt Terminus Hall. Den nye rektoren ved kunst- og designhøgskolen blir valt for perioden 2014-2019.

Dagsorden for møtet

  • Velkommen ved Vidar Lidtun, leiar av valstyret/personalsjef
  • Orientering om valkomiteen sitt arbeid ved Morten Walderhaug, leiar av valkomiteen/eksternt styremedlem
  • Dei to rektorkandidatane presenterte seg
  • Spørsmål til kandidatane frå salen
  • Orientering om valprosessen vidare


Møtet blei holdt på norsk, svensk og engelsk.

Les valprogrammet til Maria Hirvi-Ijäs på svensk og på engelsk. Spørsmål til kandidaten: maria.hirvi[at]kolumbus.fi
Les valprogrammet til Gerd Tinglum på norsk og på engelsk. Spørsmål til kandidaten: gerd.tinglum[at]khib.no

Gjennomføring av valet
Rektorvalet blir gjennomført elektronisk i perioden 7. - 10. april. Kunngjering av valresultatet finn stad fredag 11. april kl. 12, i Marken 37.

Bakgrunn
Kunst- og designhøgskolen i Bergen søkjer faglig sterk rektor med integritet og handlekraft. Ny rektor blir vald blant dei tilsette på KHiB eller blant eksterne kandidatar. KHiB søkjer ein rektor med solid kompetanse og leiarrøynsle innan relevant fagområde. Den som blir vald, trer inn i ei femårig åremålsstilling. Rektorar ved KHiB kan bli vald på nytt for éin periode.

Valmøte i Terminus Hall

Publisert: 26.03.2014 av Astri Kamsvåg Oppdatert: 19.03.2015 av admin