rom8-1.jpg

Herbert Wiegand & Paul Scott: "Dish Horizon" i Rom8

"Dish Horizon" er et samarbeidsprosjekt mellom Paul Scott og Herbert Wiegand med fokus på forandringen av hverdagslige objekter gjennom små grafiske inngrep. Sentralt tema er resepsjonen av ting og dermed blikket vårt. Utstillingen er i Rom8 til 27. mars 2013.

Photo: "Alberta Horizon 14" and "Alberta Horizon 18", enamel plates, 2013, by Paul Scott on "Wallpaper 2", digital print 2013, by Herbert Eugen Wiegand.


"Dish Horizon"
på Rom8 er det første resultatet av Paul Scott og Herbert Wiegand sitt felles forskingsprosjekt. Utstillinga er eit ledd i ein serie som illustrerer ein pågåande visuell, materiell og digital samtale i sakte film, mellom Bergen, Oslo, Berlin og Cumbria. Både Paul Scott og Herbert Wiegand arbeider med trykk som uttrykksform, men har bakgrunn i ulike tradisjonar og materialar.

Utstillinga "Dish, Horizon" viser papir- og emaljetallerkar med overflater der horisontar frå verkelege og tenkte landskap er innarbeidde.

Emaljetallerkane til Scott, som han har funne i antikvitetsbutikkar og på eBay, har smelta grafiske linjer sette i kontrast mot vilkårlege spindelvevriss skapte ved dobbelbrenning. Nokre har ein finish med islett av gulldekor, ein detalj som kjenneteiknar dyrt porselen. Mange av tallerkane stammar frå stader som på ein eller annan måte er knytte til dei horisontane dei viser, slik at tallerken "Made in China, Bumper Harvest" ber bildet Three Gorges After the Dam, (som viser til Changelva og verdas største vasskraftreservoar). På tallerkar kjøpte i ein bruktbutikk i Medicine Hat i Alberta ser ein kornsiloar frå den canadiske prærien.

I kontrast til dette er Wiegand sine tenkte landskap samansette av bokstavar og ord, som ofte overlappar kvarandre og blir utydlege. Dei er trykte på papirtallerkar og tapet. Tallerkane er utstilte på ei tallerkenhylle, noko som sender tankane til dekorativt utstilt kostbart porselen eller beskjedent dekketøy i blått og kvitt i ein landsens heim. Eit utval tallerkar pryder veggane i ein "alkove" i galleriet, der dei er utstilte mot ein bakgrunn av djerv, kontrastskapande grått. Nokre av Scott sine emaljetallerkar glinsar og svevar på ein stor vegg dekt av tapet med tekst og horisontar som motiv. Desse handgrepa, saman med dei svevande, rømde svalene i Willow Pattern leier tankane til det heimlege, sjølv midt i Rom8 sitt "white box"-galleri.

Arbeida til begge kunstnarane inneheld referansar til den lange tradisjonen med å male eller trykkje landskapsmønster på dekketøy, men ingen av kunstnarane tek i brukar keramikk. I staden brukar dei emalje og papir som minner om dette materialet. I arbeida sine undersøkjer dei gjenformidling og dei førehandsoppfatningane og assosiasjonane vi ber med oss om materialar, og meiningane vi tillegg dei. Dei undersøkjer òg tileigning, avbildinga sitt vesen og bruken av bildespråk.

Utstillingen i Rom8 åpner onsdag, 13. mars, kl. 18 -20
Utstillingstider: 14.-27. mars, kl. 14-18

Herbert Wiegand viser utstillingen fredag 15. mars kl 17.

Rom8, Kunst- og designhøgskolen i Bergen, Vaskerelven 8


Dr Paul Scott er Cumbrian Blue(s). Han bur og arbeider i Nord-England, og er professor i keramikk ved Kunsthøgskolen i Oslo og Digital Research Fellow ved Manchester Institute for Research and Innovation in Art and Design (MIRIAD).
www.cumbrianblues.com

Herbert Wiegand er høgskolelektor ved Kunsthøgskolen i Bergenhar òg har basen sin i Berlin.

Publisert: 26.03.2013 av Rebecca Rodriguez Oppdatert: 19.03.2015 av admin