Jorunn Veiteberg åpner K-verdikonferansen

Jorunn Veiteberg invitert til å halde prestisjeforelesing

Jorunn Veiteberg, leiar av forskingsprosjektet K-verdi og professor II på KHiB, er invitert til å halde The Peter Dormer Lecture 2011.

Som tittel på forelesinga har ho valgt "From making to manufracture. New Working Strategies in the Crafts". Forelesinga tar utgangspunkt i utstillinga "Ting Tang Trash. Oppvinning i samtidskeramikken" på Permanenten Vestlandske Kunstindustrmuseum, og bygger vidare på problemstillingar som blei tatt opp på konferansen "Making or Unmaking?" som K-verdi stod bak i oktober 2011.

The Peter Dormer Lecture er den store årlege forelesinga innanfor kunsthandverk i Storbritannia. Ho blir holdt til minne om skribenten og kritikaren Peter Dormer, som døydde i 1996. Ein komité av vennane og kollegene hans står bak, og Royal College of Art er vert. Målet med forelesinga er å fortsette den diskusjonen om kunsthandverket i eit samfunnsmessig perspektiv som Peter Dormer var så opptatt av.

Forelesinga finn stad for eit invitert publikum mandag 5. desember 2011 på Royal College of Art i London.

(Bildet er frå opninga av konferansen "Making or Unmaking?" i oktober 2011. Foto: Silje Handeland)

 

Publisert: 01.11.2011 av Astri Kamsvåg Oppdatert: 19.03.2015 av admin