k-verdi-konferanse Hans Stofer

Vellukka keramikk-konferanse

- Eg er overvelda! oppsummerer professor Jorunn Veiteberg etter å ha arrangert den internasjonale konferansen ”Making or Unmaking? The Contexts of Contemporary Ceramics” i tre intense dagar.

Konferansen hadde eit tettpakka program. Dei 200 deltakarane såg fem utstillingar og høyrde på 20 faglege innlegg i løpet av dei tre dagane 27.-29. oktober i Bergen. - Ambisjonen vår var å lage ein konferanse med mykje energi. Det vil eg seie at vi fekk til. Tilbakemeldingane frå deltakarane er at konferansen var berikande. For å få til dette gjorde vi nokre nye grep. Mellom anna hadde vi ingen debatt eller spørsmål i plenum.  Vi la inn lange lunsj- og kaffepauser slik at samtalane og diskusjonane mellom innleiarane og deltakarane kunne foregå der.

Jorunn Veiteberg K-verdi-konferanse- Vi avdekka ei enorm breidde i det keramiske feltet. Konferansen handla om å sette keramikk inn i ein større samanheng. No ser vi at stadig fleire keramikarar samarbeider med industrien eller handverksbedrifter i andre land. Dette er nytt, og det er mogleg på grunn av globaliseringa. Men denne nye situsjonen reiser også mange nye spørsmål av etisk art, som har å gjera med alt frå arbeidsvilkår til kredittering av opphavspersonane. I tenkinga i tida framover blir spørsmålet om korleis og av kven kunstverk er blitt produsert, viktig. Dei samarbeidsformene vi ser i dag var utenkelege for ein norsk kunsthandverkar for 20-30 år sidan, og representerer ei så kraftig brot med det som har vore at det er eit paradigmeskifte, seier Jorunn Veiteberg.

Dei 200 deltakarane var studentar, kunststipendiatar, teoretikarar frå alle institusjonane med keramikkutdanning på høgskolenivå i Norden, kunsthistorikarar frå museum og ikkje minst - kunsthandverkarar og bildekunstnarar.

- Det var like mange kunstnarar som teoretikarar som heldt innlegg. Sidan dette prosjektet er forankra på ein kunsthøgskule var det viktig for oss å bryta ned myten om at kunstnarar er tause og uartikulerte verbalt. Den blei effektivt avliva på konferansen! hevdar Jorunn Veiteberg.

Deltakarane kom frå 13 forskjellige land, dei fleste frå Norden og Europa, men også Australia, Kina, Korea, Canada og USA var representert.

K-verdi går mot slutten
Konferansen markerte avsluttinga på forskingsprosjektet K-verdi finansiert av Norges Forskningsråd. Prosjektet har gått over tre år. K-verdi er ei forkorting for forskingsprosjektet Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk. Det er eit samarbeid mellom Kunsthøgskolen i Bergen og Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum, og ein del av Norges forskningsråd sitt KULVER-program.

Desse er med i prosjektet: 
- kunsthistorikar Jorunn Veiteberg (leiar)
- førstekonservator Anne Britt Ylvisåker
- filosof Søren Kjørup
- kunststipendiat Kjell Rylander
- kunststipendiat Caroline Slotte

Jorunn Veiteberg sitt delprosjekt varer til 31. mars 2012, medan Kjell Rylander disputer i april/mai 2012.

Kva no?
- Eg trur ikkje vi kjem til å lage ein fullstendig konferanserapport, seier Jorunn Veiteberg. Erfaringa er at dei ofte kjem så lenge etter konferansen at dei ikkje er så interessante lenger. Vi skal ta endeleg stilling til dette i løpet av denne veka. Då kjem vi til å vurdere online publisering av utvalde artiklar. I tillegg har vi følgjande publikasjonar på gang:

- Fagtidsskriftet Kunst og Kultur nr. 4, 2011 er eit temanummer om ting med Jorunn Veiteberg som gjesteredaktør og artiklar av dei andre som er med i K-verdi. det blir lansert 23. november.

- Norges forskningsråd skal gi ut ein Kulver-publikasjon, der Søren Kjørup og Anne Britt Ylvisaker sine bidrag på konferansen er utvikla vidare til artiklar.

- Jorunn Veiteberg kjem med ei bok på Arnoldsche Art Press i mai 2012 om smykkekunstnaren Konrad Mehus, som var den første kunsthandverkaren i Norge som arbeidde med funne ting og readymades. I tillegg planlegg ho ei bok til om kunst og søppel.

- Katalogen "Ting, Tang, Trash" som tar utgangspunkt i utstillinga med same namn på Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum, inneheld essensen av ein del av innlegga på konferansen.

- Fleire redaktørar frå fagtidsskrift deltok på konferansen og kjem til å skrive om det i etterkant.

- Ei bok om Kjell Rylander med artiklar får forskjellige internasjonale skribentar er planlagt utgitt innan disputasen hans. 

Oversikt over relevante utstillingar i Bergen under konferansen
- Thing Tang Trash. Upcycling in Contemporary Ceramics, Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum
- Kjell Rylander: Kontentum, Rom 8
- Young and Loving: Readymade, Galleri S12
- Bergen Timeline 2011 (kurator: Heidi Bjørgan), Galleri Format
- Shot Through (kurator: Glenn Adamson), Hordaland Kunstsenter
- Size Matters, Kunstmuseene i Bergen

Konferansen har mottatt støtte frå Norges forskningsråd, Kunsthøgskolen i Bergen, Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Norske kunsthåndverkere.

 

Publisert: 31.10.2011 av Astri Kamsvåg Oppdatert: 19.03.2015 av admin