Reisebrev Shanghai 1.jpg

Reisebrev frå Shanghai

Hausten 2014 var Ingeborg Himle Matland (BAV3) på utveksling i Danmark, ved Designskolen Kolding, studieretning Kommunikasjonsdesign. På eit av semesterets kurs fekk ho moglegheit til å reise til Shanghai og ta del i eit samarbeidsprosjekt mellom Designskolen Kolding og Tongji University, saman med mange av studentane i den danske klassen sin. Ingeborg sende oss reisebrev frå Shanghai!

Bilde tatt frå taket av Frog sitt lokale i Changde Road

10. oktober reiste eg frå København til Shanghai. Designskolen har organisert losji og kurs, men ein må betale for heile opphaldet sjølv. Saman med dei danske studentane bur eg på eit hotell ikkje så langt unna Tongji University. På universitetet har me blitt kjent med ti kinesiske studentar som også studerer Visuell Kommunikasjon, og som me skal samarbeide med dette kurset. I tillegg til Tongji University har Designskolen Kolding også kontakt med det internasjonale designbyrået Frog, som har vore med på å forme kursets innhald. Til no har me vore på ein introduksjonsførelesning i Frog sine lokale, og hatt ein delpresentasjon av våre prosjekt for dei, der dei gav oss tilbakemelding og tips til vidare arbeid.

Shanghai er ein svært dynamisk by, og har opplevd ein stor økonomisk vekst dei siste tiåra. På eit år kan områder vera heilt forandra, og nye skyskraparar er stadig i utvikling. Kontrasten mellom det nye og det gamle er derfor svært stor i Shanghai. Ein kan stå midt i eit tradisjonelt nabolag i French Concession og myse opp mot dei moderne skyskraparane ikkje langt unna.

Byen er Kinas største ved befolkning, og har over 24 millionar innbyggarar. Det er med andre ord ein stor forandring i forhold til vesle, trygge Bergen. Ein av byen sine fordelar, trass i storleik, er at ein føler seg trygg uansett kvar ein går. Sjølv om det er seint på kvelden, kan eg trygt gå rundt i nabolaget åleine. Sjølv om det er ein svært internasjonal by, er det ikkje ofte ein møter på lokale som snakkar engelsk, og spesielt taxi-sjåførar kan vera ein utfordring å kommunisera med. Det kan vera vanskeleg å få kontakt med lokale "shanghainese" , men dersom ein har med seg ein guide eller tolk har dei mykje å fortelje!

Som designstudent er eg svært glad for å ha fått moglegheit til å vera på "utveksling på utveksling". Her i Shanghai møter eg nye internasjonale studentar, og får sjå faget frå ein heilt anna synsvinkel. Tusen takk til Kunst- og designhøgskulen i Bergen som støtta meg i reisa til Shanghai!