Hong Kong

Hong Kong: byen der aust møter vest

Marthe Høyheim Lægreid er bachelorstudent i møbel- og romdesign / interiørarkitektur, og ho var første student som reiste ut frå KHiB på den nyoppretta mobilitetsavtalen med Hong Kong Design Institute (HKDI). Her fortel Marthe om inntrykka sine frå opphaldet.

Alle foto: Marthe Høyheim Lægreid

Hong Kong 2

Med kriblande mage og høge forventingar, snudde eg nasen mot Asia og Hong Kong i august 2016. Her skulle eg bu i 6 månadar. Dette var ikkje det første møtet mitt med Asia, men å reise til Kina var nytt for meg. Støy, kø, folkemengde, lukt, kantonesisk
– det er nokre av skilnadane frå Noreg. Det bur 7 millionar menneske på den vetle øya Hong Kong, så det å gå i kø og at ein har folk rundt seg, er noko ein må forvente. Kinesarane er eit folkeslag som har som vane å ta vare på seg sjølv, og kan derfor verke litt uhøflege. Mitt syn på menneska her er vennlege og veldig interesserte i vestleg kultur. Hong Kong blir kalla ”concrete jungle” på grunn av at skyskraparane ligge så nærme naturen. Dette er ein av dei store fordelane med byen. Ein kan ta seg ein fjelltur ein fin solskinsdag, og endar til slutt opp på ei fin sandstrand. 


Eg hadde tidleg bestemt meg for å studere eit semester i utlandet, og nytta derfor moglegheita som KHiB tilbyr. Eg såg på ulike skular rundt om i verda, men for meg virka Hong Kong som ein spennande by. Her kunne eg lære om asiatisk design historie og kultur, noko som inspirerte meg til å velje Furniture and Lifestyle Product Design ved Hong Kong Design Institute.

Hong Kong Design Institute er ein nokså ny skule. Romma og anlegget er derfor nytt og moderne. Dei tilbyr fine lokale til materialrom, verkstad, bibliotek, auditorium. Det som overraska meg negativt med HKDI er nivået på studentane. Skulen er prega av autoritetar som fortel kva studentane skal ta for seg. Dette gjer at nokre av studentane mistar motivasjonen og den kreative tenkinga. Eg føler at eg har mykje større friheit enn dei andre studentane, men saknar engasjement og tilbakemeldingar. Eg hadde også forventa at studie skulle foregå på engelsk, men mykje av undervisninga og samta­lane på skulen føregår på kantonesisk. Dette var veldig frustrerande i byrjinga, for eg fekk ikkje med meg all den informasjonen eg skulle ha. No er det meir en vane, og eg presser dei andre studentane til å snakke engelsk (noko som ikkje er så naturleg for dei som eg trudde).

Hong Kong 3 Hong Kong 4


Utanom skulen er livet i Hong Kong fantastisk. Sjølv om byen er prega av selskap og rikdom, føler eg at byen har mange fine kvalitetar. Eg har blitt kjend med andre produktdesignarar og design-en­treprenørar, noko som gir meg tilbake den motivasjonen eg manglar frå skulen.

I skrivande stund jobbar eg og klassen min med eit prosjekt med 17 andre studentar frå Det Kon­gelige Danske Kunstakademis Skoler for Arkitektur, Design og Konservering. Prosjektet går ut på å utforme kjøkkenløysning for German Pool, der me tek for oss problemstilling som små bustadar og multifunksjonelle møblar. Prosjektet varer i 3 veker, der me skal jobbe i gruppe på 3-4 personar.

I alt er eg nøgd med opphaldet mitt så langt. Det er alltid nokre negative sider, men med ein pulse­rande by som Hong Kong, må ein berre ut og utforske.

Hong Kong 5 Hong Kong 6
Publisert: 07.12.2016 av Tale Vik Oppdatert: 07.12.2016 av Tale Vik